Alkohol svekkjer folkehelsa

Alkohol tek livet av fleire enn aids, tuberkulose og vald til saman. Kvart tjuande dødsfall i verda har samanheng med alkohol, og mange får helseproblem og redeusert livskvalitet på grunn av drikking av alkohol.

Dette går fram av ein rapport som Verdas helseorganisasjon (WHO) kom med hausten 2018. Det er ein rapport på 476 sider, og i siste nummer av Syskenbandet, utgjeve av IOGT, har generalsekretær i legeforeninga Geir Riise ein artikkel om rapporten.

Fyllekjøring drep kvart år 370 000 menneske i trafikken. Altfor mange menneske og samfunnet lir av konsekvensane av alkoholbruk. Det gjeld vald, skade, mentale problem og sjukdomar som kreft og hjerneslag. WHO ber difor medlemsland kome med kreative løysingar for å redusere alkoholbruken.

Det vert nemnd høgare avgifter, kontroll med utestadar og reklameforbod. Vi veit at slike tiltak verkar. Alkoholpolitikken vår har verka til at forbruket i Noreg er mindre enn i mange andre land. Det er all grunn til å ta vare på ein restriktiv alkoholpolitikk som regulerer tilgangen til alkohol. Dette er naudsynt med omsyn til folkehelsa.

I fjor haust kom det óg ein forskingsartikkel frå The Guardian. Artikkelen syner at alkohol er den viktigaste globale årsak til funksjonshemming hjå personar mellom 15 og 49 år. I den aldersgruppa er alkohol og årsak til 20 prosent av dødsfalla. Studien syner at 27 prosent av kreftdødelegheita hjå kvinner og 19 prosent av kreftdødeligheten hjå menn over 50 år har samanheng med alkohol.

Stadig meir helseforsking tek utgangspunkt i dei mange alkoholrelaterte helse- og sosiale skadar. Internasjonalt er det fokusert på at alkoholkonsumet må reduseres for å unngå skadar og sjukdom. WHO vil sette alkoholproblema på dagsorden i alle land.

Frivillige organisasjonar har ei viktig rolle, fordi deira innsats fører til breiare mobilisering og innsats. IOGT er ein internasjonal organisasjon med aktivitet i mange land. Organisasjonen gjev informasjon om alkoholproblema og arbeider for å redusere alkoholkonsumet. IOGT viser og ansvar og solidaritet med dei som strevar med alkoholforbruket sitt. Det å vere med i eit arbeid som kan vere til hjelp for mange, er eit privilegium

Leserbrevet har stått på trykk bl.a. i Dagen, Vikenbladet, Vestlandsnytt, Romsdals budstikke, Brønnøysund avis, Avisa Sør-Trøndelag og Helgelendingen. 

10.10-12.00 25. januar 2021
18.00-19.00 1. februar 2021
19.00-19.30 1. februar 2021

Zoom

11.45-13.45 4. februar 2021

Nyheter

Da vår daglige leder skal ut i permisjon er det ledig 100% vikariat som daglig leder av Nord-Karmøy Frivilligsentral IOGT fra 01.04.21 til midten av januar 2022.

Søknadsfrist: 8. feb. 2021

I 2020 prøvde vi flere nye ting i Hvit jul-kampanjen. - Jeg er helt rørt over det store engasjementet, sier Kampanjeleder Mari-Marthe Katt-Ugle.

Jula i år byr på ekstra utfordringer fordi pandemien bidrar til mer insolasjon og stengte dører. Men IOGT tilbyr samvær der vi ser muligheter for å få det til.