Rus og oppvekstmiljø

Bak, bak, bak - tidleg, tidleg, tidleg, var mantraet frå dei to foredragshaldarane Geir Riise og Fred Rune Rahm under IOGT Midt-Norge sitt inspirasjonsseminar i Ålesund 31. oktober. – Ansvarlege vaksne er alfa og omega, meinte Geir Riise, tidlegare generalsekretær i Den Norske Legeforening

"

– Vi må førebygge krenkelsar, vi må sjå på det bakanforliggande, sa Geir Riise.

"
"

– Vi må påvirke tidleg, sa Fred Rune Rahm.

"

Etter at Per-Arne Lillebø, leiar i IOGT Midt-Norge, hadde opna seminaret med å seie at ”alkoholbruk og barn ikkje høyrer i hop”, fekk Geir Riise, tidlegare generalsekretær i Den Norske Legeforening, ordet, som den første av fleire foredragshaldarar.

Riise var særleg oppteken av dei bakanforliggande forholda ved rusmisbruk.

– 8 av 10 barn vil vere så like foreldra sine som råd. Dess tidlegare påvirkning, dess større sjanse for å lykkast! sa han.

Les også: Foreldre er de viktigste forebyggerne

- Vi må slutte å peike på dei andre, men heller seie: ”Eg har eit ansvar!”

– Ansvarlege vaksne er alfa og omega, meinte Riise.

- Vi må forebygge krenkelsar.

Les også: Derfor drikker ikke IOGTs medlemmer alkohol

Å reparere er mykje dyrare enn å forebygge.

Det handlar om å bry seg så tidleg som muleg. Vaner smittar og breier seg. Eit samfunn med mange avholdsfolk har eit lågare konsum.

Les også: Målet er å holde andelen rusmiddelbrukere i befolkningen på et lavest mulig nivå

- Skulle vi kome dit at det ikkje lenger fanst avholdsfolk, burde det vere ei statleg oppgåve å sørge for at dei finst, sa Riise. For bruk og ikkje-bruk av alkohol er som ringar i vatnet. Gode føredøme gir store ringar, det same gjer dårlege føredøme.

Riise tok ein parallell til Røykelova, som kom fordi enkelte ikkje tolte tobakksrøyken. På same vis burde det vere eit krav om at barn må få vekse opp i eit rusfritt oppvekstmiljø.

Les også: 6 av 10 støtter dagens forbud mot alkoholbruk på offentligplass. - Parken skal være for alle. 

Riise var oppteken av både å redusere totalforbruket og å utsetje debutalderen. Som debutalder var 16 år sjølvsagt betre enn 13. Men lykkast ein å utsetje til 18 år, var mykje av problemet løyst, sa han.

- Og vit at born likar grenser! Vis at du bryr deg og kvifor du bryr deg, avslutta han.

Stresshormonar skadar barnet i mors liv

Riise gav stafettpinen vidare til Fred Rune Rahm, spesialrådgjevar ved Borgestadklinikken, også han ein lege med stor erfaring frå arbeid i rusfeltet. Rahm tok for seg dei nevrobiologiske skadane som skjer i hjernen ved rusbruk – og starta med å fortelje at jamvel i mors liv blir barnet utsett for slike skadar gjennom danning av stresshormonar, t. d. når far opptrer utagerande i fylla.

Utviklinga av barnet sin hjerne fram til fødselen viser seg i stor grad å vere avhengig av korleis mor har det. Og så vil sjølvsagt det som hender etterpå også påvirke kva slags person vedkomande blir som vaksen.

- Via desse stresshormonane utset vi oss lettare for fysiske sjukdomar, konkluderte Rahm.

Hjernenettverket er også i sterk utforming i ungdomen. I 13-14-årsalderen ligg alle mulegheiter der, som ei rosebusk. Vi er gærne og impulsive. Så spørs det kvar vegen går. Det handlar mykje om tilknytingsproblematikk.

- Gi meg ti personar i 9-10-årsalderen, og eg skal fortelje deg kven dei er når dei er 18, herma Rahm etter ei formulering i ei doktorgrad i 2017. Det handlar først og fremst om tillit. Barn som veks opp i eit ustabilt miljø, vil bli utrygge, og begynner å speide omgivelsane.

Les også: Foreldre er viktige rollemodeller for sine ungdommer

Rus går ut over immunsystemet og utviklar smertetilstandar og nevroser.

Hjernemessig er vi ikkje vaksne før i 40-årsalderen. Den delen av hjernen som utviklar seg sist, pannelappen, er ikkje heilt på plass før då, og der ligg dei funksjonar som sosialiserer oss.

– Tidleg, tidleg, tidleg, konkluderte Rahm om det ideelle tidspunktet for å påvirke.

Går ting gale, utviklar jentene oftast nevroser, medan gutane gjerne blir destruktive og hamnar i fengsel. Opplever ikkje barn eigenverdi, blir dei lett trigga av sjølvdestruksjonen.

Innlegget stod på trykk i Møre Nytt 5. oktober. 

9.00-15.00 21. oktober 2024

Sola Strandhotell

19.00-22.00 23. oktober 2024

Håsteinsgate 17, Bergen

19.00-21.00 24. oktober 2024

Tromsø bibliotek plan 2 – møterom

18.00-21.00 1. november 2024

Oslo. Torggata 1. 4.erg. IOGT-huset.

13.00-16.00 23. november 2024

Håsteinsgate 17, Bergen

Nyheter

Regjeringen kutter i helsebistanden i forslaget til statsbudsjett for 2025. - Nå er ikke tidspunktet for å kutte i innsatsen for å nå god helse for alle, et av de viktigste av FNs bærekraftsmål, sier Ståle Stavrum, utenlandssjef i FORUT.

Forebygging må være mål nummer en. Forbruket må ned. Det er den klare oppfordringen til de som nå jobber med partiprogrammene for neste stortingsperiode fra IOGTerne som har skrevet dette innlegget, som stod på trykk i Telemarksavisa.

Avkriminalisering av narkotika betyr at loven kan brytes uten sanksjoner. Det skaper ingen verdighet. Et bredere behandlingstilbud er et godt sted å begynne.