PER-ARNE LILLEBØ, LEIAR I IOGT REGION MIDT-NORGE,HJØRDIS ALMELID VIKENES, NESTLEIAR I IOGT REGION MIDT-NORGE
I ei fersk opinionsundersøking utført for IOGT svarte 58% av de som drikk alkohol at dei kunne tenkje seg å prøve ein månad utan alkohol.
I IOGT har vi ein kampanje som heiter hvitjul, og ho handlar om å ha kvite juledagar saman med borna. Det betyr at ein ikkje drikk alkohol i juledagane når ein er saman med born.
I desember i år lanserte IOGT ein ny kampanje som heiter “hvit januar”. Der oppfordrar IOGT folk som brukar alkohol til å prøve januar som ein alkoholfri månad.
I ei fersk opinionsundersøking utført for IOGT svarte 58% av de som drikk alkohol at dei kunne tenkje seg å prøve ein månad utan. Erfaringar frå Storbritannia har vist at sjansen for åklare å gjennomføre eit slikt mål vert dobla ved å gjere det gjennom ein kampanje som “Hvit januar”. Stiftinga AlcoholChange UK har drive Dry January sidan 2013, kan vi lese i bladet Aksent nr 3 i år.
I 2020 skreiv 100 000 britar under på at dei var med på kampanjen, og talet aukar år for år. IOGT har, saman med DNT-Edru livsstil, oversett appen TryDry, som er eit verktøy for folk som vil redusere alkoholbruken, eller kutte alkoholen heilt. Appen er nå tilgjengelig på norsk.
Bjørnar Grønhaug, IOGT sin kommunikasjonsrådgjevar sentralt, har arbeidd med denne kampanjen, og målet er at dette kan vere eit hjelpemiddel til å lettare ta rusfrie val. I ei digital tid kan applikasjonar, eller såkalla appar, vere eit gode på fleire felt. Det er berre å prøve ein kvit januar-app!
Dette innlegget stod på trykk i Vikebladet den 31. desember
Hvaltorvet i Sandefjord
IOGT ved generalsekretær Hanne Cecilie Widnes løftet forebygging i høringer i Helse-og omsorgskomiteen på Stortinget i høst. IOGT deltok i høringer både på opptrappingsplan for psykisk helse og statsbudsjettet for 2024.
Meningsfull jobb med reising og verving for en viktig sak. Som vervekonsulent utvikler du vervestrategier og planlegger verveinnsatsen i hele landet.
Søknadsfrist: 15.10.2023
Vi søker en person med kunnskap og engasjement for samfunnsspørsmål og politikk, og som brenner for at politikken skal legge gode rammer for trygge oppvekstmiljøer.
Søknadsfrist: 08.10.2023