Fake news om cannabis og andre rusmidlar

Inger Lise Hansen snakka om bl. a. fake news og fiktivt drikkepress i ungdomsmiljøa.

Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis, rusfeltet sitt samarbeidsorgan, opna sitt innlegg under IOGT sitt inspirasjonsseminar i Ålesund med å peike på mengda av fake news i informasjonsflaumen kring rusbruk – og særleg i sosiale medier.

Mange krefter vil legalisere cannabis. ”Trygg narkotikabruk” er eit slagord.

- Men ta ikkje alt for god fisk, sa Hansen.

- Det er mykje kunnskapsmangel om alkohol og rusmidlar blant dei unge. Mykje kjem av fake news, som fører til at risikooppfatninga går nedover. På same tid er cannabisen blitt sterkare. Ja, mykje sterkare enn før. Mange veit ikkje at ein kan pådra seg psykose ved slik bruk, sa Actis-leiaren.

Ei fersk undersøking mellom elevar ved vidaregåande skular viste at 20 prosent hadde brukt cannabis ”noen ganger”. 2 av 5 seier at dei har fått tilbod om å prøve cannabis.

Likevel; vi har ikkje høg cannabisbruk mellom norsk ungdom, trøysta Hansen.

Narkotikabruk opp, organiserte fritidsaktivitetar ned

Likevel; sjølv om dei aller fleste unge seier at dei har god livskvalitet, er der nokre men: Bruken av narkotika har auka, deltaking i organiserte aktivitetar har falle – og fleire kjedar seg på skule, slo Hansen fast.

Når det gjeld alkohol, drikk norsk ungdom likevel lite i samanlikning med andre. Prissetjing og kontrollar fungerer. I Danmark, der aldersgrensa for å kunne kjøpe alkohol er 16 år, drikk ungdommen klart meir enn i dei andre nordiske landa.

At fleire jenter enn gutar på 10.-klassesteget drikk alkohol, forklarte Hansen med at jenter ofte er i lag med eldre gutar – og dessuan kjem tidlegare i  puberteten.

Fiktivt press

Så ville ho avlive ei misforståing: - Vi trur at alle andre drikk alkohol. Ungdom trur dei er rare fordi dei ikkje drikk. Dermed oppstår eit fiktivt press. Ei undersøking viser at 1/3 av dei unge ”føler seg utafor” når dei ikkje drikk på ein fest. - Derfor er rusfrie arenaer så viktige.

Hansen viste også til ”Islandsmodellen”. Der har dei hatt ein voldsom nedgang i alkoholbruken etter å ha hatt svært høgt forbruk ei tid. Nedgangen blir forklart med kunnskapssanking (og -spreiing), foreldreinvolvering og gode fritidstilbod.

18.00 7. juni - 15.00 9. juni 2024

Åsane folkehøgskole i Bergen

17.00-19.00 16. juni 2024

Røde Kors konferansesenter i Hausmannsgate 5 i Oslo

Nyheter

IOGTs foreldreundersøkelse 2024 ble lansert på Sterk&klars fagdag i Oslo 19. mars. Spørreundersøkelsen har spurt foreldre til ungdommer mellom 12 og 17 år om hva de tenker, mener og er bekymret for når det gjelder sin egen ungdom og alkohol. 

Nå er IOGT sin podkast som gir kunnskap om ungdom i dagens samfunn og nyttige verktøy til foreldre lansert

Bli med på fem spennende dager tur i rusfritt fellesskap 4.-9. september 2024. En tur full av god mat, severdigheter, besøk til småprodusenter, kulturopplevelser med blant annet besøk til Pompei og landsbyfesten Festa del’Uva – og selvsagt hyggelig samvær.