- Rørande når føresette vervar borna sine

I IOGT Region Midt-Norge har ein i mange år kombinert det å stå på standar og verve med telefonringing. Regionleiar Per-Arne Lillebø utnyttar tida når han er på reisefot til også å nå tak i folk via telefon.

Regionleiar Per-Arne Lillebø likar å snakke med folk - også på telefon. Dermed har han eit godt grunnlag for å drive med telefonverving. (Arkivfoto: Hjørdis Almelid Vikenes)

- Det er gledeleg både når folk takkar ja til medlemsskap på standane våre, og også via telefon. Spesielt gledeleg har det vore når føresette har ringt meg og dei sjølve har verva borna sine til IOGT. Det er altså rørande å få slike telefonar, seier Lillebø.

I veke 6 har han og regionstyremedlem Tor Martin Flø Gustad vore på tur til Sandnessjøen, der dei både har delteke på årsmøte og stått på stand. Dei fekk også der verva nokre nye medlemer til IOGT. Ein har så langt i år verva 11 medlemar.

IOGT Region Midt-Norge er den største av dei fem regionane i IOGT. Pr 31. desember i fjor hadde ein totalt i heile landet 2527 medlemer i organisasjonen. Av desse var 1018 medlemer og 23 medspelarar totalt 1041 i Region Midt-Norge og det utgjer kring 40 prosent av den totale medlemsmassa til IOGT.

- Ved førre nyårsskiftet hadde vi 884 medlemer i Region Midt. Det er difor gledeleg at vi i løpet av 2022 har hatt ein god medlemsvekst. Vi deltok nyleg med infostand på Give A Job-messa i Ørsta, og der møtte vi mange innvandrarar. I regionen vår har vi som eit mål for dei to neste åra at vi skal ha fokus på dette å verve medlemer frå andre land også, fortel regionleiar Per-Arne Lillebø.

Tor Martin Flø Gustad og Per-Arne Lillebø stod på stand i Brønnøysund 12. januar i år. (Foto: Privat)

Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes, nestleiar IOGT Region Midt-Norge