I ettertanken si verd

Fyrverkeri, nyttårsaften

No er jula 2023 attom. No er nyårsfeiringa i Noreg attom. Då kan det kanskje vere litt lurt å entre ettertanken si verd.

La oss no tenkje litt i fellesskap her. Til jul er det mange born og unge som ikkje synest det er så kjekt å feire jul, fordi dei vaksne som omgjev dei kan vere rusa. I nyårshelga er det nokre som kombinerer det å sende opp fyrverkeri med å bruke rusmiddel - og det utan å bruke vernebriller også. Statistikken viser at det ikkje er ein knallkombo.

Privat fyrverkeri
Talet på augeskader etter bruk av privat fyrverkeri var for nyårshelga i fjor slik:
“Etter nyttårsaften i fjor kunne sykehusenes øyeavdelinger melde om at ti personer måtte ha helsehjelp etter øyeskader forårsaket av fyrverkeri. Fire av de skadde tente ikke engang lunta, men var tilskuere.
Sju av skadene var relatert til bruk av effektbatteri, som er det nærmeste man i dag kommer pinneraketter som ble forbudt i Norge i 2008. Ei jente måtte ha helsehjelp etter at hun ble skadd av et stjerneskudd.” Det skriv Dagbladet 31. desember 2023 om kvelden. Altså ei dei tala som dei oppgav då, frå nyårsfeiringa i 2022. Vi må elles presisere her at desse tala ikkje fortel kven som hadde alkoholrelaterte augeskader frå fyrverkeri.

Manglar vernebriller
“- Vi ser fremdeles alvorlige øyeskader forårsaket av fyrverkeri. Det har ikke gått særlig ned, sier øyelege og avdelingssjef Espen Ringvold ved Sørlandet sykehus til Dagbladet. Flest skader ser øyelegene blant folk som ikke har beskyttet seg.” Ja, det er kanskje det merkelegaste med dei fleste augeskadene at det finst vernebriller, men det er få som vil bruke dei. Kva er det som gjer det? Er ikkje vernebrillene fancy nok? Nei nei, heller få augeskader, enn å bruke briller.
La oss sjå kva ein annan lege uttalar til Dagbladet: Seksjonsleiar Nils Bull ved Haukeland universitetssykehus har ført statistikk over fyrverkeriskader sidan 2005. Statistikken hans viser at 273 nordmenn har fått augeskader og  hamna på sjukehus i samband med bruk av fyrverkeriulykker på nyttårsaftan. I 2005 vart det registrert  28 skader, men heldigvis har talet på stygge augeskader gått noko ned etter at pinnerakettane vart forbodne. I gjennomsnitt fører no fyrverkeri til seksten augeskadar årleg.

Eit nanosekund…
“– Etter min mening er fyrverkeri kjempefarlig. Vi må ikke glemme at dette er eksplosiver som må håndteres med respekt. Selv små mengder er nok til å gi livsvarige skader. Noen skader er så alvorlige at de gir betydelig synsreduksjon. Bare et lite øyeblikks ubetenksomhet kan få store konsekvenser, uttalte Bull til Tidsskriftet i 2019.” skreiv altså Dagbladet i desember i fjor.

Og her kjem kluet - Bull slår fast at amatørar ikkje bør halde på med eksplosivar på nyttårsaftan, spesielt ikkje når dei er alkoholpåverka. “- Unge menn er mest utsatt. Det er så å si nesten bare menn som skader øynene på nyttårsaften og de er ofte beruset, uttalte Bull.”

Kan vi hjelpe andre?
Kva kan vi som samfunn gjere for at unge menn som i alkoholpåverka tilstand sender opp fyrverkeri ikkje skal skade anten eigne eller andre sine auger? Skal vi forby privat oppskyting av fyrverkeri før årets nyårsfeiring? Noko kan vel vi som storsamfunn gjere for å hindre nye augeskadar 31. desember 2024? La oss ta vare på kvarandre heile året!

Kjelder:
https://www.dagbladet.no/nyheter/advarsel-skrekkskader/80740436 [2.2.2024)
https://tidsskriftet.no/2019/12/aktuelt-i-foreningen/oyelegen-onsker-forbud-mot-privat-fyrverkeri [2.2.2024]

IOGT Region Midt-Norge
Per-Arne Lillebø, leiar - tlf 90699082 - per.arne.lillebo@gmail.com
Hjørdis Almelid Vikenes, infomedarbeidar - tlf 41284166 - hjordis.almelid.vikenes@gmail.com