Fagdagar frå IOGT – i heile landet

Korleis best førebygge mot rus? Dette er hovudtemaet på IOGT sine fagdagar som me arrangerer 10 ulike stader i heile landet i 2023. Fagdagane er ein arena som løfter behovet for god førebygging og  gir konkrete innspel – både politisk og til dei som jobbar direkte med ungdom.  

IOGT arrangerte fyrste fagdag i rekka i Oslo 16. mars på Litteraturhuset. Ordførar i Oslo, Marianne Borgen, fekk æra av å starte både seminaret i Oslo – og med det heile rekka av fagseminar IOGT skal arrangere i år. Marianne Borgen fortalte korleis Oslo kommune jobbar med førebygging av rusproblem, særskilt alkohol, og at me alle må jobbe saman mot eit felles mål der ein oppnår gode nærmiljø og oppvekstvilkår for barn og unge. Det er ikkje gitt at dette skjer, og at som politikar så må ein heile tida kjempe for at førebygging får prioritet. 

 

På fagdagane knytter IOGT saman ulike partar som alle er viktige for førebygging. Me har politkarar, SLT-koordinatorar, lærarar, frivillige organisasjonar og andre som jobbar med førebygging eller barn og unge. IOGT ynskjer med dette å gi eit løft til førebygging i dei 10 kommunane me arrangerer fagdagane i.  

Dei neste fagdagane er:

Hovedsiden for fagseminarer

Fagdagane til IOGT er opne for alle.

Lokal ruspolitikk - tema for valet 2023  

Lokale tiltak og politiske ynskje må henge saman med nasjonal politikk for å oppnå god førebygging. Mange av reguleringane skjer frå nasjonalt hald, men kommunane har eit stort ansvar for å gjennomføre ein god og ansvarleg politikk for å oppnå god førebygging. Døme på dette er antall sal- og skjenkeløyver ein kommune vil gi, fritidstilbod til ungdom og opningstid for skjenking av alkohol.  

Lokalpolitikarar må vere bevisst ansvaret dei har for dette og me bør alle gjere ein innsats slik at dette blir tema i valkampen 2023.
  

IOGT i Norge har satt saman ei 10-punktsliste for betre førebygging – denne finn du her: iogt.no/10punkt

12.00-16.00 16. desember 2023

Hvaltorvet i Sandefjord

Nyheter

IOGT ved generalsekretær Hanne Cecilie Widnes løftet forebygging i høringer i Helse-og omsorgskomiteen på Stortinget i høst. IOGT deltok i høringer både på opptrappingsplan for psykisk helse og statsbudsjettet for 2024.

Meningsfull jobb med reising og verving for en viktig sak. Som vervekonsulent utvikler du vervestrategier og planlegger verveinnsatsen i hele landet. 

Søknadsfrist: 15.10.2023

Send søknad på finn.no

Vi søker en person med kunnskap og engasjement for samfunnsspørsmål og politikk, og som brenner for at politikken skal legge gode rammer for trygge oppvekstmiljøer. 

Søknadsfrist: 08.10.2023

Send søknad på finn.no