Per-Arne Lillebø, leiar for IOGT Midt-Norge,John Almendingen, styremedlem for IOGT Midt-Norge
Alkohol gir økt helserisiko allerede fra første glass. Alkohol er eit rusmiddel som treffer praktisk talt alle organ i kroppen, og har ingen positive effekter, ein ikke også kan oppnå på tryggare måter.
Mange hevdar at litt alkohol kan vere godt for helsa. I siste nummer av bladet Syskenbandet er ein artikkel av lege og seniorrådgjevar Fred Rune Rahm, der han gjer greie for samanhengen mellom alkohol og helse. Samanhengen er komplisert, men uansett korleis ein lagar problemstillingane, vert konklusjonen den same:
Dei eventuelle helsegodene vi får med å bruke alkohol, kan vi få på andre måtar. Og då utan den risikoen for helseskadar som alkoholen fører med seg. Alkohol er eit rusmiddel som treffer praktisk talt alle organ i kroppen. Til dagleg er vi mest opptekne av effekten på sentralnervesystemet og hjernen, ukritisk framferd, dårleg presisjon og balanse og fyll, men alkohol råkar mykje vidare, og det gjer at risikoen for helseskadar aukar.
Det er ingen nedre grense for inntak av alkohol der ein kan seie at det ikkje er risiko for helseskade.Alkohol aukar faren for kreft i heile tarmsystemet, frå munnen til endetarmen. Alkohol aukar risikoen for brystkreft, magesår, leversjukdomar, hjartesvikt, nerveskadar og betennelse i bukspyttkjertelen.
Alkohol aukar og risikoen for ernæringsproblem, rammar muskelstyrken og hemmar læring og aktsemd. Det er og samanheng mellom alkohol og psykiske sjukdomar, og alkoholen kan forverre andre sjukdomar.
Les også: Forebygging er aldri for sent - alkohol, helse og økende alder
Verdens helseorganisasjon (Who) seier at dersom det er positive helseeffektar av å drikke alkohol, vil desse eventuelle positive helseeffektane utgjere 3 prosent av helserisikoen.
Dei eventuelle positive helseeffektane som ein kan sjå ved bruk av litt alkohol, er alle effektar som ein kan få på andre måtar, og då utan den risikoen som alkoholen fører med seg.
Les også: Internasjonal studie avkrefter at alkohol kan være sunt
Små mengder alkohol er og ei helsebelastning. I ein ny nederlandsk studie tok ein prøvar av tjukktarmen, gav forsøkspersonane 20 gram alkohol, og tok så ny prøve. Alle forsøkspersonane fekk lekkasje over tjukktarmen etter dette moderate inntaket. 20 gram alkohol er den mengde alkohol som er i eit glass rødvin eller ein halv liter øl. Medan tarmveggen vanlegvis vernar oss mot giftstoff, vil ein lekkasje gjere at giftstoff kan gå ut og inn i kroppen.
Risikoen for kreft startar i det vi tek til å bruke alkohol. Risikoen for brystkreft hos kvinner auka ved eit inntak på 1 dl alkohol dagleg. Drikk ein eit glass vin eller ei flaske øl dagleg, vil 90 prosent få ei lever som fungerer dårlegare.
Mange vel kanskje å ta den risikoen det er å drikke alkohol, og det er eit val som ein må respektere, men å avvise at alkohol er ein helserisiko, er sjølvbedrag.
Innlegget har stått på trykk i flere aviser, bl.a. Vårt land, Dagen, Møre-Nytt, Tidens Krav og Vestlandsnytt.
Nesten én av ti amerikanere bruker nå cannabis regelmessig. Høyest er bruken blant unge voksne, og i statene som har legalisert bruk er 30 % av unge voksne regelmessige brukere.
Ny forskningsrapport om helsegevinster og samfunnseffekter av redusert alkoholbruk viser at små reduksjoner i totalforbruket kan ha stor effekt – både for enkeltpersoner og for samfunnet.
Alkohol fungerer godt om du vil desinfisere hendene, men drikker du den svekker du immunforsvaret, øker sjansen for akutte pusteproblemer og hemmer tilfriskning om du er syk.
Det skrives og menes mye forskjellig om cannabis. En kunnskapsoppsummering av myter og fakta er nå samlet i et hefte og kan lastes ned.
Frå naturen si side er vi rusta for å handtere alkohol i små mengder feks frå gjæra mat. Denne alkoholen må kroppen handtere, elles ville maten bli farleg for oss. Men når alkoholkonsentrasjonen aukar må kroppen over på reserveløysingar.
Det er mye å tape og lite å vinne ved å legge til rette for å normalisere bruk av flere rusmidler. Dyrekjøpte erfaringer med tobakk og alkohol bør mane til stor forsiktighet.
Nett
Sammensenteret i Grimstad søker miljøterapeut i 50 % vikariat med mulighet for forlengelse. Sammensenteret i Grimstad er et lavterskeltilbud for mennesker med rus- og psykiske helseutfordringer. Les annonsen og søk på Finn.no.
Vi lanserer ny kampanje! Gå inn på rusfornuft.no - signer oppropet i dag og bli med i mobiliseringen for en ruspolitikk som forebygger og beskytter – ikke normaliserer.
Vinmonopolet og norsk alkoholpolitikk virker bra for folkehelsa. Det var det klare budskapet da AS Vinmonopolet inviterte til frokost-seminar fredag 25.april.