I Ørsta var det frå venstre Reidun Berge, Kari Aamaas og Per-Arne Lillebø som deltok på standdagane på alti. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)
Vi har hatt fire dagar med vervingar i Ørsta og Ålesund i mai og juni. I samband med desse standane vart det verva vel 60 medlemer. Her kjem eit foto frå kvar av desse stadane.
I Ørsta var det frå venstre Reidun Berge, Kari Aamaas og Per-Arne Lillebø som deltok på standdagane på alti. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)
I Ålesund stod Hjørdis Almelid Vikenes (t.v), Per-Arne Lillebø, Magne Richardsen frå IOGT sentralt og Reidun Berge på standar hjå Ålesund Storsenter. (Foto: Magne Berge)
I tillegg var Magne Berge med på standane alle dagane.
Fordi at vatn sløkkjer tørsten mest effektivt, og kroppen treng vatn for at alle delar av kroppsmaskineriet skal fungere. Vatn er gratis, kaloriritt og lett tilgjengeleg i Norge. Vatn gjer at du toler varmen betre, og det kan gjere at du får mindre vondt i hovudet. Under trening er vatn nødvendig, og etter trening er vatn naudsynt for at kroppen skal kome seg raskt og bli klar for nye prestasjonar. Vatn er nødvendig for å tenkje klart.
Når folk tippar hjå Norsk Tipping, kan dei velgje å støtte frivillige lag og organisasjonar. Dette må kvar einskild tippar velgje sjølv. IOGT Region Midt Norge, org.nr. 993905364, er godkjent som grasrotmottakar.
IOGT Region Midt-Norge har dei siste vekene stått på standar ulike stadar i regionen. I tillegg til at regionstyret sine medlemar står på stand, har også lokale iogt-medlemar stått på standar.
Helsemerking av alkoholvarer har lenge vore ei aktuell sak, men lite har vorte gjort her til lands. Det er difor gledeleg at helseminister Ingvild Kjerkol har gjeve Helsedirektoratet beskjed om å vurdere korleis alkoholhaldig drikke kan merkast med åtvaring om helserisiko. Det er åtte månader sidan helseministeren fekk ei utgreiing på 30 sider frå Helsedirektoratet, og Helsedirektoratet tilrår åtvaringsmerking på alkoholvarer.
Journalist Leiv Arne Grimstad sin flotte reportasje fra inspirasjonsseminaret i Ålesund kan du leses her. God lesing!