Per-Arne Lillebæ
Det manglar ikkje på oppmodingar om å ta del i frivillege organisasj-onar. Det er sunt og givande både for den som deltek, og den organisasjonen arbeider for, seier Per-Arne Lillebø. Foto: Leiv Arne Grimstad, tatt under inspirasjonsseminaret no i haust. Tekst: Jan Åge Sundnes
"Kva frivillig innsats bringer til både samfunnet og individet kan ikkje undervurderast" meiner leiar i IOGT Møre og Romsdal, Per-Arne Lillebø.
– Å seie ja til eit verv, om det er i politiske eller andre frivillige organisasjonar, er veldig viktig for den oppveksande slekt, seier Per-Arne Lillebø. Eit breitt kontaktnett var hendig i jobben som regionleiar i ein landsomfattande organisasjon som IOGT. Det er nett takka vere engasjementet for organisasjonsarbeid som har sytt for det store kontaktnettet. Verdien av organisasjonsarbeid handlar ikkje berre om det ein gir, men også det ein får. Tidvis kan det vere hektisk, men like fullt givande. Eit breitt kontaktnett er berre éin av gevinstane.
– Kunnskap. Venskap. Varierte arbeidsoppgåver. Du får heile pakken, og du tek det med gjennom heile livet, seier leiaren. Lillebø meiner ein går glipp av noko ved ikkje å engasjere seg i godt og førebyggande frivillig arbeid – om det så er IOGT, besøkstenesta, eit politisk parti, ein ideell organisasjon, eit korps eller eit idrettslag som treng kunnskapane dine. Han fryktar at til betre vi får det, til høgare vert terskelen for å bidra frivillig.
– I trongare tider har organisasjonsarbeidet ei oppblomstring, men i gode tider får folk velje frå øvste hylle. Eg ser ofte at det er problem å få folk til å engasjere seg. Folk har det godt på ulike måtar og er ikkje like villige til å engasjere seg i arbeid i frivillige organisasjonar som tidlegare, seier Lillebø og held fram: – I mi tid som leiar av Region Midt-Norge og arbeid i ulike organisasjonar og arbeid med Syskenbandet, var eg oppteken av kva det frivillige arbeidet ville gi meg og kva verdien har vore. Gjennom arbeidet i frivillige organisasjonar har eg møtt mange menneske som har gitt meg gode og rike minne som vil gi meg glede resten av livet.
Frivillig arbeid får offentleg støtte og godord frå helsehald. Folkehelsemeldinga frå 2015 kallar frivilligheit ei avgjerande kraft i samfunnet. Det manglar ikkje på oppmodingar om å ta del i frivillege organisasjonar. Det er sunt og givande både for den som deltek, og den organisasjonen ein arbeider for, seier Per-Arne Lillebø. Det fremjar trivsel, tilhøyrsle og demokrati og gjev betre helse. Funn i ei nordamerikansk undersøking publisert i Psychological Bulletin viser at frivillig arbeid to til tre timar i veka kan gi redusert depresjon, auka psykisk velvære og generelt betre helse. Undersøkinga syner at det frivillige arbeidet gir flest fordelar for eldre med kroniske helseplager.
Har du ikkje tid, tenkjer du? For dei fleste vil i botn og grunn dette gjelde: Alt du brukar tid på er prioriteringar, noko den tidlegare læraren og lokalpolitikaren Leif Hovde er inne på i eit tidlegare innlegg i Syskenbandet. Vi har like mykje tid som for nokre tiår sidan, då vi både rakk å slå av ein prat over nabogjerdet og rakk å engasjere oss i dei store folkerørslene som voks fram.
Er vi i ferd med å miste samhaldet og den personlege kontakten? Leif Hovde har ei oppfordring: For å bevare det frivillige arbeidet som limet i samfunnet, må organisasjonane våge å vere inkluderande, rause og opne. På den måten kan vi også bidra til å gjere eit samfunn prega av “sosiale medium” litt meir personleg.
Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november.
Alkohol er ei lovleg vare. Alkohol er ei spesiell vare. Denne væska kan medføre avhengigheit. Det er det ikkje alle væsker som kan. Tenk på vatn eller jus til dømes. Viss alkoholen var ei nyoppfinning anno 2022, trur du ho ville ha vorte godkjent som ei salsvare? Eller ville ein ha tenkt at det er kanskje best at ho ikkje vert selt?
I 2027 fyller organisasjonen IOGT 150 år. Fram til då skal alle ledd i organisasjonen få uttale seg om korleis organisasjonen best kan endre seg for framtida. Årsmøtet til IOGT Region Midt-Norge samla på Romsdalsmuseet på Molde fredag 31. mai drøfta dette, og sende ein uttale til sentralleddet.
Vi har hatt fire dagar med vervingar i Ørsta og Ålesund i mai og juni. I samband med desse standane vart det verva vel 60 medlemer. Her kjem eit foto frå kvar av desse stadane.
I samband med årets Norway Cup har arrangøren Bækkelagets Sportsklub og Norges Fotballforbund hatt fokus på at barneidretten skal vere utan alkohol. Det fokuset er viktig. Vi må hugse på at cupen skaper minne som varer livet ut.
Leiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge har i mange år verva nye medlemar. Vanlegvis har han saman med andre stått på standar rundt om i regionen og verva folk gjennom fysiske møte, i gode dialogar med andre.