IOGT trengs i narkotikadebatten

Det er ein aktiv debatt om narkotikapolitikk i Noreg i dag – og der bør også me vere meir aktive med våre stemmer. 

Det er venta at det i denne Stortingsperioden vil bli ei politisk behandling av narkotikapolitkken i Noreg, og reform eller ny strategi har blitt etterspurt frå nokre interessegrupper. Det er viktig å sette fokus på både dei helsemessige og sosiale problema ein ser blant brukarar i dag, og det er ingen tvil om at mange har det vanskeleg og at det trengs tiltak for å nå ei sårbar gruppe. Spørsmålet er derfor korleis ein best skal respondere på desse utfordringane.

Eit viktig perspektiv i denne debatten må vere forebygging – slik IOGT tenkjer også om alkohol. Det betyr ikkje at me ikkje skal gjennomføre tiltak for brukarar i dag, men det betyr at debatten ikkje kun skal handle om kva me gjer med eit problem i dag, men heller at me kan snakke om korleis me unngår at folk får desse problema.

Må ha fleire stemmer

Eit anna viktig perspektiv er at me må ha stemmer i debatten. Det er lett å få eit litt feil inntrykk av både situasjon og løysingar frå media, og det er viktig med våre stemmer både rundt kaffebordet og politisk. Av og til blir det at narkotika er eit ulovleg middel presentert som problemet i dag – og at dersom ein gjekk vekk frå dette ville alt vere mykje betre. Dette er ein posisjon som ikkje stemmer med handteringa av problemet i dag, og det er ingen som sit i norske fengsel for eigen bruk av narkotika aleine i dag. Problemet er meir samansatt enn dette.

Forholdet mellom dei sosiale og helsemessige ufordringane om ein samanliknar alkohol og narkotika i dag. Det er kun 1.7% av oss mellom 16-64 år som har brukt cannabis dei seiste 30 dagane. For nokre aldersgrupper i visse områder er det veldig ulike tal, men jamnt over

ser ein redusert bruk av cannabis. Dette viser fyrst og fremst at kravet om ein meir liberal politikk ikkje er eit ‘folkekrav’, og talet gir også eit perspektiv om storleiken av bruk og dermed problemet i dag. Det betyr ikkje at dei som opplever rusproblem i dag ikkje har reelle problem, men det betyr at ein rusdebatt må ha eit heilhetlig perspektiv og ikkje begrensa til kun eitt område aleine.

Kommersielle ynskjer oppmjuking

Parallelt med ein norsk debatt pågår det også ein stor internasjonal debatt, der både FORUT og Actis er aktive. Det er store ideologiske og kommersielle interessert internasjonalt som ynskjer ei oppmjuking av det internasjonale lovverket på narkotika. Det er nokre statar i USA som har legalisert produksjon og bruk av cannabis, og som resultat har ein fått ein aktiv industri med nye produkt, etterfølgt av ein større problembruk i desse områda. Og det er derfor eit paradoks at etter mange tiår hardt arbeid mot ein veldig aktiv tobakkindustri og etableringa av Framework Convention on Tobacco Control (FCTC) går no nokre land og statar i motsatt retning for cannabis og opnar for ein ny liknande industri.

Gjennom Aksent og andre kanalar har me prøvd å spre informasjon og gi kunnskap om narkotikadebatten. Det kom fram på fellesmøtet mellom organisasjonane at dette trengs det endå meir av, slik at medlemmer og andre føler seg i stand til å bli aktive i ein slik debatt. Dette er derfor eit tema me vil følge opp og håpar at det er mange som vil bli med på dette framover!

18.00 7. juni - 15.00 9. juni 2024

Åsane folkehøgskole i Bergen

17.00-19.00 16. juni 2024

Røde Kors konferansesenter i Hausmannsgate 5 i Oslo

Nyheter

IOGTs foreldreundersøkelse 2024 ble lansert på Sterk&klars fagdag i Oslo 19. mars. Spørreundersøkelsen har spurt foreldre til ungdommer mellom 12 og 17 år om hva de tenker, mener og er bekymret for når det gjelder sin egen ungdom og alkohol. 

Nå er IOGT sin podkast som gir kunnskap om ungdom i dagens samfunn og nyttige verktøy til foreldre lansert

Bli med på fem spennende dager tur i rusfritt fellesskap 4.-9. september 2024. En tur full av god mat, severdigheter, besøk til småprodusenter, kulturopplevelser med blant annet besøk til Pompei og landsbyfesten Festa del’Uva – og selvsagt hyggelig samvær.