Korleis best førebygge mot rus? Dette er hovudtemaet på IOGT sine fagdagar som me arrangerer 10 ulike stader i heile landet i 2023. Fagdagane er ein arena som løfter behovet for god førebygging og gir konkrete innspel – både politisk og til dei som jobbar direkte med ungdom.
IOGT arrangerte fyrste fagdag i rekka i Oslo 16. mars på Litteraturhuset. Ordførar i Oslo, Marianne Borgen, fekk æra av å starte både seminaret i Oslo – og med det heile rekka av fagseminar IOGT skal arrangere i år. Marianne Borgen fortalte korleis Oslo kommune jobbar med førebygging av rusproblem, særskilt alkohol, og at me alle må jobbe saman mot eit felles mål der ein oppnår gode nærmiljø og oppvekstvilkår for barn og unge. Det er ikkje gitt at dette skjer, og at som politikar så må ein heile tida kjempe for at førebygging får prioritet.
|
|
|
|
|
|
På fagdagane knytter IOGT saman ulike partar som alle er viktige for førebygging. Me har politkarar, SLT-koordinatorar, lærarar, frivillige organisasjonar og andre som jobbar med førebygging eller barn og unge. IOGT ynskjer med dette å gi eit løft til førebygging i dei 10 kommunane me arrangerer fagdagane i.
Lokale tiltak og politiske ynskje må henge saman med nasjonal politikk for å oppnå god førebygging. Mange av reguleringane skjer frå nasjonalt hald, men kommunane har eit stort ansvar for å gjennomføre ein god og ansvarleg politikk for å oppnå god førebygging. Døme på dette er antall sal- og skjenkeløyver ein kommune vil gi, fritidstilbod til ungdom og opningstid for skjenking av alkohol.
Lokalpolitikarar må vere bevisst ansvaret dei har for dette og me bør alle gjere ein innsats slik at dette blir tema i valkampen 2023.
IOGT i Norge har satt saman ei 10-punktsliste for betre førebygging – denne finn du her: iogt.no/10punkt
Møllergata 37 i Stavanger (Godtemplarnes hus)
Aarnes kafeteria (Strannavegen 302, Gvarv)
Åsane folkehøgskole, Hylkjeneset 108, Hylkje
Kranjska Gora, Slovenia
Det er tilsynelatende bred enighet i Norge om at vi bør ha restriksjoner på salg og skjenking av alkohol. Likevel går utviklingen i motsatt retning. Antallet skjenkebevillinger og salgssteder øker, og de politiske prioriteringene som skulle verne om folkehelsen bygges ned.
Fotball-VM og utvidede skjenketider: At regjeringen åpner opp for utvidede skjenketider under fotball-VM, betyr ikke at kommunene må gjøre det samme.
Som nasjonal leder for Sterk&Klar får du en sentral rolle i å utvikle og koordinere IOGTs rusforebyggende arbeid rettet mot foreldre og ungdom. Stillingen kombinerer fagutvikling, samarbeid med skoler og organisasjoner og formidling av kunnskap om forebygging.