Lokal musikar og låtskrivar deltek på IOGT konferansen

Robert Tron Tjomlid i Ålesund vart tidlegare i år medlem av IOGT, i samband med ein ringjerunde som IOGT Region Midt Norge har gjort for å få fleire medlemar i organisasjonen.

Til dagleg er Robert lærar, og i tillegg er han musikar, songar, låtskrivar og diktar. Han reiser rundt og held konsertar, aleine og med band, og han har ei eiga diktside på sosiale media. På inspirasjonsseminaret i Ålesund torsdag 16. september vil han delta med song og musikk.

- Dei sakene som IOGT står for og arbeider med, står hjarta mitt nært. Alkohol er vorte den nye normalen, og for nokre drikkes det til maten fleire gongar i veka. Forsking frå Frankrike og Middelhavslanda syner at alkoholbruk fører til mykje skjult misbruk og dødsulykker i trafikken. I Norge så har vi gjerne no både alkoholdrikkinga til maten, og så helgafylla i tillegg. Difor er det så viktig at vi har IOGT og andre ruspolitiske organisasjonar som arbeider aktivt med folkeopplysing set fokus på kva alkohol eigentleg medfører.

Lett tilgjenge aukar bruken

For Robert er dette med tilgjenge til alkohol punkt ein, om ein eventuelt tenkjer at ein skal klare å nå Verdas Helseorganisasjon (WHO) sitt mål om 10 prosent reduksjon av skadeleg alkoholbruk innan 2025.

- Alkohol er i dag ei lovleg vare, og ein kan ikkje bli kvitt alkoholen. Eg har heller ikkje trua på ei forbod, men på folkeopplysing. Hadde alkoholen vore ei ny vare som kom på marknaden i dag, ville alkoholen truleg vorte forboden, sidan skadeverknadene og dei samfunnsmessige sidene av alkoholbruk er så store og kostbare både på individnivå, pårørandenivå og samfunnsøkonomisk. Det er difor ekstra viktig at IOGT og andre organisasjonar framsnakkar ein rusfri livsstil, og kva positive sider det medfører å ikkje drikke alkohol. Vi veit at auka tilgjenge aukar konsumet. Ergo må ein her tenkje førebyggjande.

Opphavleg kjem Robert frå Sirdal - og Sør-Afrika. Han er fødd i Zambia, og har budd i Tanzania og Kenya. Mora er engelsk og han har difor sett korleis ulike kulturar behandlar utfordringane knytta til alkohol.

- Er det framleis tabu dette med alkohol? Det er tragisk at ein ikkje snakkar om skadeverknadane og talet på sjukehussenger som blir brukt til alkoholrelaterte skadar. 

Ulike alkoholtradisjonar

Etter å ha arbeidd mange år på Borgund Folkehøgskole (Borg) i Ålesund, dagens Ålesund Folkehøgskole, er han no tilsett hjå Møre barne- og ungdomsskole. Tida som reiselærar ved Borg, viste han dei ulike sidene ved alkoholtradisjonane i andre land.

- Eg har tidlegare reist ein god del i  Sør-Amerika, og då særleg i Bolivia, Peru og Ecuador. Eg har fleire gonger fått oppleve karnevalstida der, og dei flotte paradene og kostyma som dei brukar. Det var den positive og synlege sida av karnevalstida. På den andre sida var det også mange vaksne som drakk under karnevalstida, og svært mange born vart gåande for seg sjølv, med den faren det gjev dei for at dei kunne verte seksuelt utnytta eller utnytta på andre måter. Slik sett følgjer det enorme skuggesider med alkoholbruken.

- Kampanjen Hvit jul til IOGT er ein fin kampanje. Dette å fokusere på at nokre dagar i året skal vere barna sine dagar, og ikkje dei vaksne sine, og vinkle det opp i mot alkoholbruk er lurt. Men - det er utruleg at det berre er høgtidsdagar som er kvite. Barn burde ha kvite dagar heile året!

Edru russ

Det var elles i russetida at Robert tok eit val om å vere avhalden frå rus. Sidan Robert var edru russ, var det mange andre russar som kom og snakke med han. 

- Det er mange fordelar med å leve rusfritt. Ein kan bruke til dømes musikk og idrett og oppnå naturleg rus, med den naturlege dopaminen. Det er lite lurt å døyve kjenslene sine med alkohol. Alkohol har ein tendens til å forsterke kjensler. Dersom ein er deprimert er det ein fare for å forsterke dei negative tankene gjennom bruk av alkohol. Kva gjev langvarig glede? Jau, eit rusfritt liv!

For dei som har lyst til å høyre ein av songane til Robert, finn de songen “Slør” på lenkja under her. Songen handlar om ei korleis ei jente opplever det når mora drikk:

https://www.youtube.com/watch?v=LKLvjuiS-Uo&t=32s

Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes, nestleiar IOGT Region Midt Norge

Foto: Kristian Tjomlid

Vi har fått lov å publisere nokre av dikta til Robert Tron Tjomlid:

Problemet

Problemet var ikke om

glasset var

halvfullt eller halvtomt

syntes hun som

så pappaen endre seg

mens han

drakk av det.

Robert Tron Tjomlid

Du

jeg håper at du

hører det jeg tenker

for disse tankene er ment

for deg

du som sitter utenfor sykehuset,

og ikke vet hvordan du skal fortelle

til noen

det du vet

du som legger de sundrevne

skolebøkene tilbake i sekken

mens latteren og ordene

runger i hodet

du som alltid er ubenyttet innbytter

og som synes du snart

bør få begynne å leve

du også

du som putter flaskene i arbeidssekken

så naboene ikke skal ane ditt nederlag

når du våkner på sofaen

langt utpå dagen

du som har lange kvelder på kontoret

og ikke vil fortelle deg selv

at du er i ferd med å miste dine

og deg selv

du som ser hver eneste drøm bli tråkket på

og latterliggjort av voksne

som har glemt hvordan de selv

drømte seg levende

du som studerer ansiktet i speilet

for å se om det er flekker igjen

av den du har lært deg

å skjule bak tusen lag

du som venter på at noe nytt

skal fly inn gjennom glassdøren

du selv har montert mellom deg

og framtiden

du som engang hadde myke hender

som strøk kinn og tørket tårer

i dagene før latteren satte seg fast

dypt inne i tilfluktsrommet

du som kunne vært

men som aldri fikk bli

deg

Robert Tron Tjomlid

19.00-20.00 27. september 2021

Torggata 1 i Oslo og Digitalt via zoom

19.00-20.00 27. september 2021

Torggata 1 i Oslo og Digitalt via zoom

18.00-20.00 28. september 2021
12.30-14.30 29. september 2021
9.00-22.00 3. oktober 2021

Nyheter

Vi søker en utadvendt og ansvarsbevisst person med erfaring med å være en voksen for ungdom, for eksempel i egen familie, på jobb eller i frivillig arbeid. Obligatorisk opplæring. Honorert. Lar seg lett kombinere med annet arbeid.

Den 31. august hvert år markeres verdens overdosedag. Det er en tid for å minnes, og en tid for handling.

Den 31. august hvert år markeres verdens overdosedag hvor vi minnes alle mennesker som har gått bort etter en overdose. Det er en tid for å minnes, og en tid for handling.