Inspirasjonskonferanse: Vi er kvarandre sitt samfunnsmiljø. Korona og rusmiddel - tankar om den tida vi lever i

15.00-18.00 16. september 2021

Sted: Scandic Parken i Ålesund og Facebook Live

IOGT Region Midt-Norge inviterer til inspirasjonsseminar. Kva påvirkar våre handlingar positivt og negativt? Kva skal til for å kunne stå godt saman og ta eit felles ansvar i kvardagen. Koronasmitte har også noko med alkoholbruk å gjere.

Arrangementet streames fra Ålesund.

Tid: 16. september kl. 15.00

Delta fysisk på Scandic Parken i Ålesund  (Begrenset antall plasser. IOGT-medlemmer prioriteres).

Påmelding av deltakarar frå område/lag og einskildpersonar, seinast laurdag 14. august 2021 til:
Per-Arne Lillebø, Bjørndalvegen 2A, 6065 Ulsteinvik E-post: per.arne.lillebo@gmail.com eller mobil 90699082

Delta digitalt: Meld deg på dette facebook-arrangementet for å følge seminaret digitalt: https://www.facebook.com/events/880672642834591

Invitasjon til inspirasjonsseminar i Region Midt-Norge 2021

Verdens helseorganisasjon (WHO) har advart mot alkoholbruk under koronapandemien. Europakontoret av WHO har bedt styresmaktene i alle europeiske land om å gjennomføre tiltak som begrensar alkoholbruken. I fleire av våre byar har det for eksempel blitt gjennomført restriksjonar i alkoholserveringa.

Kommuneoverlegar har åtvara om at “meteren” vert påverka ved stigande promille. Smittetrykket aukar med stigande promille. Kva kan vi så då gjere?

Vi har samla alt dette i tittelen – Vi er kvarandre sitt samfunnsmiljø. Tankar om den tida vi lever i. Kva påvirkar våre handlingar positivt og negativt? Kva skal til for å kunne stå godt saman og ta eit felles ansvar i kvardagen. Å vere den beste utgåva av seg sjølv blir viktig. Rett og slett fordi det reduserer smittetrykket. Koronasmitte har også noko med alkoholbruk å gjere.

Les mer om Alkohol og Korona: Den åttende rapporten i den svenske rapportserien "Alkoholen og samfunnet" handler om alkoholens rolle i spredningen av smittespredning og utbruddet av covid-19.

På seminaret vil vi sjå på temaet med fleire korte innleiingar og muligheiter for spørsmål. Vi vil avslutte seminaret med ein paneldebatt samla rundt eit rundt bord. Vi kjem oss godt igjennom pandemien – så lenge vi står bra saman. Denne setninga blir ein raud tråd i ettermiddagstimane vi er samla i Ålesund den 16. september med alle nødvendige smitteverntiltak tatt vare på. Og vi har samla fleire interessante innleiarar som blir med denne ettermiddagen.

Målet for seminaret er at vi skal reise frå kvarandre litt meir inspirert og klokare til å fortsette arbeidet for ein mest mogleg rusfri oppvekst for alle. Vel møtt til dialog og nokre spennande ettermiddagstimar med ei innhaldsrik samling i Ålesund!

Program:

Kl. 14.45

Registrering. Kaffi og rundstykke.

Kl. 15.00

Vi samlast – åpning ved regionleiar Per-Arne Lillebø, IOGT – Region Midt-Norge Presentasjon av innleiarar og program 

Kl. 15.10

Vi samlast – åpning ved regionleiar Per-Arne Lillebø, IOGT – Region Midt-Norge Presentasjon av innleiarar og program 

Kl. 15.20

Koronapandemien – og moglege helseskadar. Kva kan helsetenesta, lokalsamfunnet og den enkelte gjere
v/fagdirektør Torstein Hole, Ålesund sykehus.

Kl. 15.45

Koronapandemien har avslørt og stadfesta alkoholen sin posisjon og skadeeffekt i samfunnet
v/overlege ØNH avd Førde sentralsjukehus Einar Solheim.

Kl. 16.10

Pause – mingling med 1 meter avstand. Kaffi og småprat 

Kl. 16.30

Song ved Robert Tron Tjomlid

Kl. 16.35

Alkohol og andre rusmiddel - kva kan politiet gjere av forebyggande innsats.
v/politimeister i Møre og Romsdal Ingar Bøen.

Kl. 16.50

Frivilligheita sin plass for eit varmare samfunn der vi alle tar eit større ansvar for kvarandre

v/leiar av IOGT i Norge, Ørnulf Thorbjørnsen.

Kl. 17.15

Kort beinstrekk

Kl. 17.30

Paneldebatt – leia av nestleiar i IOGT Region Midt-Norge, Hjørdis Almelid Vikenes.

Å vere den beste utgåva av seg sjølv – vegen ut av pandemien – tankar og refleksjonar.
Korleis kan det offentlege og frivillige samarbeide til beste for alle i ein pandemi?
Kva er viktigast å passe på? Kan vi finne dei 5 beste råda saman?
Målet for samtalen er å bli litt klokare saman.

Kl. 18.00

Avslutning. 

Etter seminaret blir det middag med underholdning for de som deltar fysisk. 

Få invitasjon på SMS eller e-post

Vi legger fortløpende ut nye webinarer i kalenderen. Ønsker du informasjon om webinarer på sms eller e-post?

Nyhetsbrev om webinar på: