"Nye" Godtemplarhammaren

Søndag den 17. juni 1900 gjekk IOGT-losjen i Eresfjorden og DNT-laget på Bogge kvarandre i møte på den nyopna vegen langs fjorden. Der dei møttest, heldt dei stemne. Dette var så stor ei hending at etterpå vart det hogge inn ei minneplate med dei to organisasjonsmerka og datoen for stemnet, i bergveggen ved vegen rett ved stemnestaden. Denne staden vart så omtala som Godtemplarhammaren.

I 1959 gjekk heile hammaren tapt under ei vegutviding, men på ein annan bergvegg like ved vart ein tilnærma kopi hoggen inn. Slik «levde» Godtemplarhammaren vidare, heilt til nyåret 2012. Da vart det aktuelt å skyte ut meir av dei store berghamrane i området, for å skaffe fyllmasse til reparasjon av skadane på vegen etter juleorkanen Dagmar. Godtemplarhammaren stod i fare på nytt. Men så snart Vegvesenet vart gjort merksame på at dei var i ferd med øydelegge eit kulturminne, tende dei på ideen om ein redningsaksjon. Dei lykkast med å sprenge ut hammaren i eitt stykke, og denne steinblokka, med innhoggen informasjonstekst baksida, vil no bli plassert på ein fint mura sokkel på den store rasteplassen like ved.

Søndag den 17. juni 2012, på dagen 112 år etter det minneverdige stemnet, blir den «nye» Godtemplarhammaren høgtidelg avduka som eit verdig, varig og lett synleg monument. Avdukingsseremonien vil ta til kl. 12.30, og vil spegle at heile «redningsaksjonen» for dette lokalhistoriske minnesmerket har vore eit samarbeidsprosjekt for dei lokale avdelingane av IOGT og DNT, Vegvesenet og Nesset kommune.

  • Tips ein ven Tips ein ven
  • Skriv ut