Vaksne sine alkoholvanar betyr mykje - Inspirasjonsseminar i Ålesund

13.00-18.15 31. oktober 2019

Sted: Scandic Parken i Ålesund

IOGT Region Midt-Norge inviterer til inspirasjonsseminar på
Scandic Parken i Ålesund, torsdag 31. oktober 2019- kl 13.00.
Seminaret er også tilgjengeleg for andre interesserte.

Påmelding av deltakarar frå område/lag, seinast laurdag 30. september 2019 til Per-Arne Lillebø - per.arne.lillebo@gmail.com eller mobil 90699082

I utgangspunktet reknar ein med at det i alle høve kjem 3 personar per område og 2 personar per lag. Dersom nokre område eller lag ikkje fyller kvoten, vil vi vurdere å ta inn andre medlemer. 
Seminaret er gratis for IOGT-medlemer i Region Midt-Norge. Andre som er med på både seminardelen og kveldsbuffet betalar kr 1.000,-. Den som deltek berre på konferansen betalar kr 400,-.
Kontoinformasjon: IOGT Region Midt-Norge, konto nr 3910 37 56476.
Regionen dekkjer overnatting for langvegsfarande IOGT-medlemer. Vi reknar med at deltakarar frå Møre og Romsdal reiser heim same dag. Regionen dekkjer ikkje reiseutgifter.

Kvifor organisasjonsbygging?

  • medlemsverving, eigenutvikling, knyte organisasjonsband
  • og møte det gode smilet.

På dette dagseminaret vil vi dele erfaringane våre, gje inspirasjon og “nøklar” for korleis skape eit godt organisasjonsarbeid. Her kan du få svar på spørsmåla dine om korleis du kan takle utfordringar ein møter i arbeidet for ein rusfri livsstil. Vi ynskjer velkomen til ein dag med påfyll av fagleg innhald!

Vaksne sine alkoholvanar betyr mykje

Oppvekstmiljøet for barn- og ungdom blir påvirka av vaksne sin alkoholbruk IOGT Midt Norge arrangerer i år det sjette ruspolitiske seminaret. I år har vi valt å fokusere på oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Kva er dei gode rammebetingelsane for ein lukkelig oppvekst og kva kan vi som vaksne gjere? Vi vil på seminaret ha fokus på kva som er dei gode kjeldene til læring, omsorg, tryggleik og tillit. Familien, barnehagen, skulen, vener og sosiale medie spelar alle kvar for seg og samla ei viktig rolle. Vi vil særskilt fokusere på korleis alkohol- og anna rusmiddelbruk påvirkar barn og ungdom i ulike deler av oppveksten.

I dag bur ca. 115.000 barn med foreldre med alvorlige psykiske lidingar. Alkohol og anna rusbruk forsterkar ofte psykiske vanskar. Om lag 80 prosent av dei som er implisert i valdssaker er påvirka av alkohol. Mange barn opplever omsorgssvikt og overgrep. Konflikter mellom foreldra kan bidra til psykiske vanskar, søvnproblem og andre helseproblem hjå barn og ungdom.

Vaksne sitt ”normale” rusforbruk veit vi også kan gi utryggleik, fordi vi som vaksne då endrar oss. Barn som opplever at foreldra endrar seg under påverknad av alkohol kjenner oftare på ein utryggleik og usikkerheit. Ungdom som drikk saman med sine foreldre har høgare risiko for fyll. Samtidig veit vi at ungdom som drikk heime, også drikk meir. I ungdomstida ser vi ein klar samanheng mellom rus og psykiske vanskar. Vaksne sine alkoholvanar blir tatt etter av barn og ungdom. Vi påvirkar naturlegvis dei som er yngre enn oss.
Som vaksne har vi eit særskilt ansvar for å gjere det enklare for ungdom å avstå frå bruk av alkohol og andre rusmiddel. Eksemplet si makt betyr her – som i mange andre forhold ellers i livet - mykje. Sjansen for ein god oppvekst er mykje større dersom det ikkje blir brukt alkohol- og andre rusmidlar av viktige vaksne i barne- og ungdomsåra. Alkoholbruk i nærver av barn høyrer ikkje sammen.

På seminaret vil vi sjå nærare på korleis ”alt henger saman med alt” og at vi er oss bevisst at vi alle kan vere med å gjere vårt. Ein alkoholpolitikk som byggjer på å halde forbruket av alkohol nede i heile befolkninga, til det ansvaret vi har som foreldre, besteforeldre, skule, politi, kyrkje, frivillige organisasjonar og samfunn. Alkoholproblem er ikkje skjebnebestemt – men kan påvirkast. Avslutningsvis kjem vi til å ha ein samtale mellom innleiarane om kva som er dei beste løysingane. Målet for seminaret er at vi skal reise frå kvarandre litt meir inspirert og klokare til å fortsette arbeidet for ein mest mogleg rusfri oppvekst for alle. Vel møtt til dialog og nokre spennande ettermiddagstimar med eit innhaldsrikt inspirasjonsseminar i Ålesund!

Foredragshaldarane:

Geir Riise: Generalsekretær i Den norske legeforening frå 2009. Utdanna lege, som gjennom åra har vore innom Statoil (sjefslege), NHO (avdelingsdirektør), Hjelp 24 (direktør) og Posten (HMS-direktør).

Fred Rune Rahm: Spesialrådgjevar ved KoRus Sør, Borgestadklinikken. Lege, mangeårig arbeid med rus og psykisk helse, dei siste åra også med fokus på aldring og rus.

Pernille Huseby: Generalsekretær i Actis. Utdanna statsviter og har brei erfaring frå norsk media. Ho har mellom anna vore kommentator i VG og politisk redaktør i Nationen før ho kom til Actis. Ho har vore seniorrådgivar og leiar for fagavdelinga i Actis, sidan 2014.

Laila Riksaasen Dahl: Utdanning frå Menighetsfakultetet i Oslo 1986–1991. Prest i Nittedal 1995 til 2002, biskop 2003-2014 i Tunsberg  bispedømme. Før dette: lærarutdanning og -praksis, både i skuleverket, 1970–80, som kateket i Nittedal, 1980–84,
som fakultetslektor, 1984–86, og amanuensis, 1990–95, ved Det teologiske menighetsfakultet. 

Ingar Bøen: Politimeister i Møre og Romsdal. Tidlegare politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt, statsadvokat i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane statsadvokatembeter. Bøen er cand. jur.

Per Arne Lillebø: Leiar i IOGT Region Midt-Norge.

Seminarprogram

12.30-13.00 

Registrering, kaffi og rundstykker

13.00-13.15

Åpning ved seminarleiar Per-Arne Lillebø

13.15-14.00

Betydninga av rusfritt oppvekstmiljø for barn og ungdom. Kva veit vi om samanhengar mellom vaksne sin alkoholbruk og oppvekstmiljøet for barn og ungdom, v/generalsekretær i Den norske legeforening Geir Riise

14.00-14.30

Korleis påvirkar alkohol og andre rusmidlar barn og ungdom psykisk og fysisk. Kva er dei viktigaste kjenneteikn på problem og korleis forebygge helseskadar. Erfaringar frå eige arbeid, v/lege Fred Rune Ramm

14.30-14.50

Pause med frukt og småprat

14.50-15.20

Kva er dei beste forebyggande tiltaka og korleis gje hjelp til dei som treng det tidlegast mogleg. Kva kan dei frivillege organisasjonane gjere kvar for seg og saman, v/generalsekretær Pernille Huseby i Actis

15.20-15.50

Mi erfaring frå eigen oppvekst og lærdom frå Anonyme Alkoholikere som utgangspunkt for kyrkja sitt edruskapsarbeid, v/tidlegare biskop Laila Riksaasen Dahl

15.50-16.10

Kaffipause

16.10-16.40

Politiet er ofte tilstade og ser kva som skjer. Kva er dei viktigaste tiltaka dersom politiet sjølv fekk bestemme, v/ politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen

16.40-16.50

 Pause – vi riggar oss for ein framtidssamtale

16.50-18.00

Framtidssamtale om kva vi saman og kvar for oss kan gjere. Kva er den mest effektive ”resepten”. Ordstyrar: Generalsekretær Geir Riise i prat med innleiarane.

18.00

Oppsummering og avslutning

Etter seminaret:

Festmiddag med underhaldning

Per og Monica de Lange 

Dei byrja sitt musikalske samarbeid som studentar på college i England mot slutten av 60-talet. Sidan har det halde fram i snart 50 år. Gjennom åra har det vorte 6 LP/MC-produksjonar, 1CD og ein dobbel-CD med reproduksjon av tidlegare LP/CD-materiale. Dei syng høvesvis baryton og sopran, plystrar, og spelar ei
rekkje ulike instrument og vil halde ein minikonsert i samband med festmiddagen. Vi gler oss!

Knut Bergheim

Knut Bergheim er journalist og forfattar. I kveld vil han underhalde oss med eit kåseri som kallar på det gode smilet. Bli med og få ei kjekk stund saman med oss!

Møteplaner for de avdelingene som har slike program: